Job Description

**Er du vår nye veterinær?**:
Høyanger kommune har to veterinærar i stordyrpraksis. Ein av veterinærane skal no pensjonere seg, og vi ser etter nokon som kan imøtekomme behova til bøndene våre og delta i vaktordning.
På kvardagar omfattar arbeidsområdet Høyanger kommune - på begge sider av Sognefjorden. På kveld, natt og helg har kommunane Høyanger, Gulen og Masfjorden vaktsamarbeid med 4-delt vakt.
Området har hovudsakleg sau
- og mjølkeproduksjon ku, inkludert semin. I tillegg ein geitemjølkprodusent og litt hest.
Det er moglegheiter for å utvikle eigen smådyrpraksis i Høyanger. Sidan det er to veterinærar tilgjengeleg på dagtid, er det rom for å drive med smådyr i tillegg til produksjonsdyr. Kommunen kan vere behjelpeleg med å skaffe egna lokale.
**Kvifor bu og arbeide i Høyanger kommune?**:
- Aktivt produsentmiljø, moderne drift og trivelege bønder.
- Fokus på samarbeid og erfaringsutveksling blant veterinærane.
- Eit rikt lag
- og organisasjonsliv.

Ready to Apply?

Take the next step in your AI career. Submit your application to Høyanger kommune today.

Submit Application