Job Description

Om stillinga
Kvinne
- og familieavdelingen er ein del av Rus
- og avhengighetsklinikken (RAK) og består av ein sengepost; Seksjon Kvinnepost Tertnes og eit poliklinisk/ambulant team; Familieambulatoriet, som er lokalisert i sentrum. Vi har no ein ledig stilling som seksjonsleiar for Kvinneposten på Tertnes.
**Om seksjonen**
Ved seksjonen jobbar det i dag ein psykologspesialist og to psykologar, éin legespesialist og éin lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, sosionom, kunst
- og uttrykksterapeut, familieterapeut og treningsterapeut. Vi har også nevropsykolog knytt til seksjonen. Vi jobbar tverrfagleg og alle bidrar med sin spesialkompetanse i behandlinga.
Kvinneposten har 15 sengeplassar for frivillig behandling av rusmiddelavhengige kvinner. Kvinneposten jobbar tverrfagleg ut frå eit strukturert behandlingsprogram, mellom anna beståande av gruppeterapi, individualterapi, kunst
- og uttrykksterapi, treningsterapi, utandørsterapi og miljøterapi.
...

Ready to Apply?

Take the next step in your AI career. Submit your application to Haukeland Universitetssjukehus today.

Submit Application