Job Description

**Om stillinga**:
Er du helsefagarbeidar og ser etter nye utfordringar? Vi har ledig 100 % fast stilling ved Hjørundfjordheimen.
Hjørundfjordheimen er lokalisert ca 25 km frå Ørsta sentrum i bygda Sæbø ved vakre Hjørundfjorden. Hjørundfjordheimen har to avdelingar, der sjukeheimsavdelinga har 16 plassar og bukollektivet har 18 plassar. Ved eininga er der også integrert heimeteneste for heimebuande i Hjørundfjorden. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.
Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ynskjer å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring.
Avdelinga jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året.
Som medarbeidar ved Hjørundfjordheimen vil du få nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom fagdagar, e-læring og kurs.
Vi ser etter deg som er engasjert, fagleg trygg og ansvarsfull, som bidreg til trivsel og omsorg for bebua...

Ready to Apply?

Take the next step in your AI career. Submit your application to Ørsta kommune today.

Submit Application