Job Description
Open omsorg indre har ledig fast 100% stilling som assistent i open omsorg indre. Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til at heimebuande får ein trygg, verdig og god kvardag, og som trivst med å jobbe sjølvstendig i eit fagmiljø med høg kvalitet og godt humør. Du vil ha base i Svelgen, men kunne yte tenester til brukarar i heile OOI.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk bistand og reingjering i heimen hos brukarar på kvardagar.
- Bidra til tryggleik, struktur og gode kvardagsrutinar
- Samarbeid med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar
- Dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer oss deg som har erfaring frå pleie- og omsorgsarbeid, men du er òg velkomen som søkjar dersom du har interesse for faget og ønskjer å lære.
Du må:
- Legge fram politiattest av nyare dato
- Ha førarkort klasse B
- Beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
Ready to Apply?
Take the next step in your AI career. Submit your application to Hilde Gretha Hauge today.
Submit Application